bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 59
Isaiah 59
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 58
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 60 →
1
Sjå, HERRENS hand er ikkje for kort til å frelsa, og øyret hans er ikkje for tungt til å høyra.
2
Nei, det er skulda som skil mellom dykk og dykkar Gud. Syndene dykkar løyner andletet hans så han ikkje høyrer dykk.
3
For hendene dykkar er tilsølte med blod og fingrane av skuld, leppene dykkar talar løgn, og tunga mumlar svik.
4
Ingen stemner til doms med rette, og ingen fører sak på ærleg vis. Dei lit på tomleik og talar løgn, dei unnfangar urett og føder vondskap.
5
Dei klekkjer ut ormeegg og vev spindelvev. Den som et av egga, døyr, blir dei knuste, blir det klekt ut ein slange.
6
Det dei vev, duger ikkje til klede, ingen kan kle seg i det dei lagar. Det dei gjer, er vondskaps gjerning, valdsverk kjem frå hendene deira.
7
Føtene deira spring etter vondskap, dei er raske til å ausa ut uskuldig blod. Dei legg vonde planar, der dei fer, er det herjing og øydelegging.
8
Freds veg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i fotspora deira. Dei lagar seg krokvegar, den som går der, kjenner ikkje fred.
9
Difor er retten langt borte frå oss, rettferda når oss ikkje. Vi vonar på lys, men sjå, det er natt, på lysglans, men vi går i mørker.
10
Vi famlar langs veggen som blinde, famlar som om vi var utan auge. Vi snublar midt på dagen som om det var skumring, midt i livet er vi som døde.
11
Vi brummar alle som bjørnar, vi klynkar som duer. Vi vonar på rett, men det finst ikkje, på frelse, men ho er langt borte frå oss.
12
Våre mange brot er framfor deg, våre synder vitnar imot oss. For vi veit om våre brot, og vi kjenner vår skuld.
13
Vi har gjort opprør og fornekta HERREN, snudd oss bort frå vår Gud, tala om undertrykking og fråfall og brumma usanne ord som vi unnfanga i hjartet.
14
Retten er driven tilbake, rettferda står langt borte. For sanninga har snubla på torget, og det som er rett, kjem ingen veg.
15
Sanninga er borte, den som vender seg frå det vonde, blir plyndra. HERREN såg det, og det var vondt i hans auge, for det fanst ingen rett.
16
Han såg ikkje nokon som kom til hjelp, han undra seg over at ingen greip inn. Men hans arm gav han siger, hans rettferd støtta han.
17
Han kledde seg i rettferd som brynje og sette frelses hjelm på hovudet. Han kledde seg i hemnens drakt og sveipte om seg lidenskapens kappe.
18
Som gjerninga er, slik gjengjelder han: harme mot motstandarar, gjengjeld mot fiendar, mot fjerne kystar gjer han gjengjeld.
19
Dei skal frykta HERRENS namn i vest og hans herlegdom i aust. For han kjem som ein veldig flaum, HERRENS ande driv han fram.
20
Ein som løyser ut, skal koma til Sion, til dei hos Jakob som vender om frå synd, seier HERREN.
21
Dette er mi pakt med dei, seier HERREN: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt i din munn, skal ikkje vika frå din munn og ikkje frå munnen til borna og barneborna dine, seier HERREN, frå no og til evig tid.
← Chapter 58
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 60 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66