bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 66
Isaiah 66
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 65
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
1
Så seier HERREN: Himmelen er mi trone, og jorda er min fotskammel. Kva slag hus kan de byggja for meg, kvar er staden der eg kan kvila?
2
Mi hand har laga alt dette, slik har alt dette vorte til, seier HERREN. Det er den hjelpelause eg ser til, den som har ein motlaus ande og skjelv for mitt ord.
3
Den som slaktar ein okse, slår eit menneske i hel; den som ofrar eit lam, knekkjer nakken på ein hund; den som ber fram grødeoffer, ofrar svineblod; den som brenner røykjelse, velsignar det vonde. Dei som gjer dette, har valt sine eigne vegar, dei har si glede i det som er motbydeleg.
4
Så vel òg eg å plaga dei, eg fører over dei det dei er redde for. For eg ropa, men ingen svara, eg tala, men ingen høyrde. Dei gjorde det som vondt var i mine auge, og valde det eg ikkje ville.
5
Høyr HERRENS ord, de som skjelv for hans ord! Brørne dykkar som hatar dykk og støyter dykk bort for mitt namn skuld, dei seier: «Lat HERREN visa sin herlegdom, så vi kan sjå gleda dykkar!» Men dei skal bli til skamme.
6
Høyr larmen frå byen, røysta frå tempelet, HERRENS røyst! Han gjengjelder fiendane sine for det dei har gjort.
7
Før ho får rier, har ho fødd, før smertene kjem, har ho fått ein gut.
8
Kven har høyrt noko som dette? Kven har sett nokon som desse? Kan eit land bli fødd på éin dag, kan eit folkeslag koma til verda på ein augneblink? Men Sion fødde sine born med det same ho fekk rier.
9
Skulle eg opna morslivet utan å setja fødselen i gang? seier HERREN. Eller setja fødselen i gang og så stansa han? seier din Gud.
10
Gled dykk over Jerusalem, og fryd dykk over henne, alle de som elskar henne! Ta del i hennar glede, alle de som sørgjer over henne!
11
Så skal de suga og bli mette ved hennar trøystande bryst, de skal drikka og nyta hennar herlege brystvorter.
12
For så seier HERREN: Sjå, no leier eg fred til henne som ei elv, folkeslags rikdom som ein fløymande bekk. De skal suga, berast på armen og voggast på fanget.
13
Som ei mor trøystar barnet sitt, slik vil eg trøysta dykk. I Jerusalem skal de få trøyst.
14
De skal sjå det, og hjartet skal gleda seg, kroppen skal gro som gras. HERRENS tenarar skal kjenna hans hand, men fiendane får kjenna hans vreide.
15
For sjå, HERREN kjem i ein eld, hans vogner som ein kvervelvind. Han slepper sin vreide laus som ein brann og sine trugsmål som logande eld.
16
For HERREN skal halda dom med eld og med sverd mot alle menneske; mange er dei som blir drepne av HERREN.
17
Dei som gjer seg heilage og reine for å gå til hagane etter ein som er der inne, dei som et svinekjøt, motbydelege ting og mus, dei skal gå til grunne, alle saman, seier HERREN.
18
Eg veit kva dei gjer og kva dei tenkjer, eg kjem for å samla alle folkeslag og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom.
19
Eg set eit teikn mellom dei og sender nokre av dei som er berga, ut til folkeslaga i Tarsis, Put, Lud, Mesjek med bogen, Tubal og Javan, til dei fjerne kystane som ikkje har høyrt rykte om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal fortelja om min herlegdom mellom folkeslaga.
20
Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslag som ei offergåve til HERREN, til hest, i vogner og berestolar, på muldyr og kamelar, til mitt heilage fjell i Jerusalem, seier HERREN, slik israelittane kjem med offergåver i reine skåler til HERRENS hus.
21
Og av dei tek eg nokre til prestar og levittar, seier HERREN.
22
For slik den nye himmel og den nye jord som eg skaper, alltid skal stå for mitt andlet, seier HERREN, slik skal dykkar ætt og namnet dykkar stå seg.
23
Og det skal skje: frå nymånedag til nymånedag, frå sabbat til sabbat, skal alle menneske koma og tilbe for mitt andlet, seier HERREN.
24
Dei skal gå ut og sjå lika av dei menneska som gjorde opprør mot meg. For dei skal makken ikkje døy og elden ikkje slokna. Dei skal vera ei gru for alle menneske.
← Chapter 65
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66