bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 7
Isaiah 7
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 8 →
1
I dei dagane då Ahas, son til Jotam, Ussias son, var konge i Juda, drog kong Resin av Aram og kong Pekah av Israel, son til Remalja, opp i krig mot Jerusalem. Men dei greidde ikkje å gå til åtak på byen.
2
Det vart meldt til Davids hus: «Aramearane har slege leir i Efraim.» Då skalv hjartet både hos kongen og folket, slik trea i skogen skjelv for vinden.
3
Då sa HERREN til Jesaja: Gå ut, du og son din Sjear-Jasjub, og møt Ahas ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til vaskeplassen.
4
Sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd og mist ikkje motet for desse to utbrende og rykande vedskiene, for den brennande harmen til Resin og Aram og son til Remalja!
5
Fordi Aram, Efraim og son til Remalja har lagt vonde planar mot deg og sagt:
6
«Lat oss dra opp mot Juda og setja skrekk i det, leggja det under oss og gjera Tabeels son til konge der»,
7
så seier Herren GUD: «Det skal ikkje lukkast, og det skal ikkje skje.
8
For Damaskus er Arams hovud, og Resin er hovud i Damaskus — men om sekstifem år er Efraim knust, og det er ikkje lenger eit folk —
9
og Samaria er Efraims hovud, og son til Remalja er hovud i Samaria. Vil de ikkje tru, kan de ikkje stå støtt.»
10
HERREN tala igjen til Ahas og sa:
11
«Be om eit teikn frå HERREN din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!»
12
Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja HERREN på prøve.»
13
Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud?
14
Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.
15
Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode.
16
For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar.
17
Og over deg og folket ditt og huset til far din skal HERREN la det koma dagar som det ikkje har vore sidan Efraim skilde seg frå Juda — kongen av Assur.»
18
Den dagen skal det skje at HERREN plystrar på flugene attmed elveosane i Egypt og på biene i Assur.
19
Alle skal koma og slå seg ned i bratte gjel og fjellkløfter, i alle tornekratt og på alle vatningsplassar.
20
Den dagen skal Herren barbera med ein kniv han har leigd på den andre sida av Storelva, med kongen av Assur, alt hår både på hovudet og mellom beina, ja, skjegget òg skal kniven ta bort.
21
Og den dagen skal ein mann kunna halda ei kvige og eit par sauer,
22
og dei skal gje så mykje mjølk at han kan eta rømme. Ja, rømme og honning skal dei eta, alle dei som er att i landet.
23
Og den dagen skal det skje at kvar stad der det no er tusen vinstokkar, verde tusen sjekel sølv, skal det berre vera torn og tistel.
24
Med pil og boge går ein dit, for landet er fullt av torn og tistel.
25
Og alle liene som vart hakka opp med hakker, dit kan du ikkje koma meir av redsle for torn og tistel. No skal oksar sleppast laus der, og sauene skal trakka.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66