bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 32
Isaiah 32
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 31
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 33 →
1
Sjå, med rettferd skal kongen råda og stormenn styra med rett.
2
Dei skal vera som ei livd mot vinden og eit skjul mot styrtregn, som rennande bekker i tørt land, som skuggen av eit mektig berg på utpint jord.
3
Sjåande auge blir ikkje blinde, høyrande øyre skal lytta.
4
Tankelause hjarte skal læra å skjøna, stammande tunger skal tala lett og klårt.
5
Dåren skal ikkje lenger kallast stormann og kjeltringen ikkje kallast fornem.
6
For dåren talar dårskap, hjartet hans valdar vondt: Han gjer gudlaus gjerning, talar gale om HERREN, lèt den svoltne sakna mat og den tørste mangla drikke.
7
Våpna til kjeltringen er vonde. Han legg skamlause planar, vil skada dei hjelpelause med løgn når den fattige talar si sak.
8
Men stormannen legg store planar. Han står fast på det som er stort.
9
Sorglause kvinner, stå opp, høyr mi røyst! Trygge døtrer, lytt til mitt ord!
10
I dagar og år skal de skjelva, de trygge. For vinhausten slår feil, frukthausten kjem ikkje.
11
Skjelv, de sorglause, skjelv, de trygge! Kled dykk nakne, bind sekkestrie om hoftene!
12
Dei klagar over brysta, over dei herlege åkrane, over dei grøderike vinstokkane,
13
over jorda til folket mitt der torn og tistel skyt opp, ja, over kvart lukkeleg hus i den jublande byen.
14
For borga er oppgjeven og den larmande byen forlaten. Haug og vakttårn har for alltid vorte til gøymestader der villesel gleder seg og buskapar beiter,
15
heilt til Ande blir aust ut over oss frå det høge. Då skal ørkenen bli til ein frukthage, og ein frukthage skal reknast for skog.
16
I ørkenen skal retten slå seg ned, i frukthagen skal rettferd bu.
17
Då skal rettferds verk vera fred, rettferds gjerning tryggleik og ro til evig tid.
18
Mitt folk skal bu på ein fredeleg buplass, i trygge heimar og på sikre kvilestader.
19
Skogen skal fellast og falla, byen skal søkka i djupet.
20
Sæle er de som sår ved alle vatn, og som lèt okse og esel gå fritt omkring.
← Chapter 31
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 33 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66