bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 8
Isaiah 8
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 9 →
1
HERREN sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med ein vanleg griffel: Til Maher-Sjalal-Hasj-Bas.»
2
Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja.
3
Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa HERREN til meg: «Gjev han namnet Maher-Sjalal-Hasj-Bas.
4
For før guten har lært å seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og krigsbyttet frå Samaria berast fram for kongen av Assur.»
5
HERREN tala igjen til meg og sa:
6
Fordi dette folket foraktar Siloas vatn, som renn så stilt, og mistar motet for Resin og Remaljas son,
7
sjå, difor lèt Herren Storelva stiga over dei med veldige vassmengder — assyrarkongen og all hans makt. Ho skal stiga over alle sine elvefar og gå over alle sine bredder,
8
ho kjem inn over Juda, fløymer over og breier seg utover til ho når opp til halsen. Med sine utspente venger fyller ho landet ditt, så vidt som det er, Immanuel!
9
Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk! Lytt, alle fjerne land! Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk, rust til strid og bli slegne av skrekk!
10
Legg ein plan, han skal slå feil! Sei eit ord, det skal ikkje slå til! For Gud er med oss.
11
For så sa HERREN til meg då handa hans greip meg fast og han åtvara meg mot å gå den vegen dette folket går:
12
De skal ikkje seia «samansverjing» til alt dette folket kallar samansverjing! Det dei fryktar, skal ikkje de frykta og ikkje skjelva for.
13
HERREN over hærskarane, han skal de halda heilag. Han skal de frykta, og han skal de skjelva for.
14
Han skal vera ein heilagdom, ein snublestein og eit berg til fall for Israels to hus, ei snare og ei felle for dei som bur i Jerusalem.
15
Mange av dei skal snubla, dei skal falla og skamslå seg, gå i snara og bli fanga.
16
Eg vil binda inn vitnemålet og forsegla lova hos læresveinane mine.
17
Så vil eg venta på HERREN, som løyner andletet for Jakobs hus, og setja mi von til han.
18
Sjå, eg og borna som HERREN har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå HERREN over hærskarane, han som bur på Sion-fjellet.
19
Men når dei seier til dykk: «Spør gjenferd og spådomsånder til råds, slike som kviskrar og mumlar! Skal ikkje eit folk spørja sine gudar, spørja dei døde til råds for dei levande
20
om lov og om vitnemål?» Sanneleg, for dei som seier slikt, står ikkje sola opp meir!
21
Forkomen og svolten skal han dra omkring. Når han svelt, blir han harm og forbannar sin konge og sin Gud. Anten han vender seg mot det høge
22
eller ser utover jorda, er det naud og natt, trengsle og mørker. I mørkret er han støytt ut.
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 9 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66