bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 26
Isaiah 26
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 27 →
1
Den dagen skal denne songen syngjast i Juda-landet: Byen er vår styrke. Til frelse reiser han vollar og vern.
2
Lat portane opp så det rettferdige folket kan dra inn, dei som held fast ved sin truskap.
3
Du gjev varig fred til dei som har eit stødig sinn, for dei stolar på deg.
4
Stol på HERREN til alle tider, for han, HERREN, er eit evig berg.
5
Han har bøygd dei som bur i det høge, den opphøgde byen riv han ned, riv ned til grunnen og legg han i støvet.
6
Fattige føter og svake steg skal trakka han under fot.
7
For den rettferdige er vegen jamn. Jamn er stigen du bryt for den rettferdige,
8
den vegen lovene dine viser. HERRE, vi har sett vår von til deg, sjela lengtar etter ditt namn og ditt minne.
9
Mi sjel lengtar etter deg om natta, ja, ånda i meg leitar etter deg. For når dine lover gjeld på jorda, lærer dei rettferd, dei som bur i verda.
10
Om den urettferdige får nåde, lærer han ikkje rettferd. Han gjer urett i rettens land og ser ikkje HERRENS velde.
11
HERRE, di hand er lyft, men ingen ser det. Dei skal sjå din lidenskap for folket og skjemmast. Eld skal fortæra motstandarane dine!
12
HERRE, du gjev oss fred, for alt vi har gjort, har du gjort for oss.
13
HERRE, vår Gud! Andre herrar enn du har herska over oss, berre deg og ditt namn vil vi prisa.
14
Døde blir ikkje levande, daudingar står ikkje opp. For du har kravd dei til rekneskap og gjort ende på dei, utsletta kvart minne om dei.
15
Du har gjort folket større, HERRE, gjort folket større og vist din herlegdom, du har utvida alle grensene i landet.
16
HERRE, dei søkte deg i nauda og kviskra fram bøner då du straffa dei.
17
Slik ei kvinne vrid seg og skrik når riene kjem og ho skal føda, slik er vi for ditt andlet, HERRE.
18
Vi var med barn, vi fekk rier, men vi fødde vind. Vi har ikkje skaffa landet frelse, ingen blir fødd til å bu på jorda.
19
Dine døde skal bli levande, mine lik skal stå opp. Vakna og rop av fryd, de som ligg i støvet! For di dogg er ei dogg av lys, og jorda gjer daudingar levande.
20
Gå, mitt folk! Gå inn i dine rom og lat att dørene etter deg! Løyn deg ei lita stund til harmen er gått over!
21
Og sjå, HERREN går ut frå sin stad for å la dei som bur på jorda, stå til rekneskap for si synd. Jorda skal visa fram sitt blod og ikkje lenger løyna dei drepne.
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 27 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66