bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 60
Isaiah 60
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 59
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 61 →
1
Reis deg, bli lys! For lyset ditt kjem, HERRENS herlegdom går opp over deg.
2
Sjå, mørker dekkjer jorda, skodde dekkjer folka. Men over deg går HERREN opp, hans herlegdom viser seg over deg.
3
Folkeslag skal gå mot ditt lys, kongar gå mot din soloppgang.
4
Lyft auga, sjå deg ikring! Alle samlar seg og kjem til deg. Sønene dine kjem frå det fjerne, døtrene dine blir borne på armen.
5
Då skal du sjå det og stråla, hjartet skal skjelva og svulma. For havsens skattar blir dine, rikdomen til folkeslaga kjem til deg.
6
Kamelar i mengd dekkjer deg, kamelfolar frå Midjan og Efa. Alle frå Saba kjem, gull og røykjelse har dei med seg, dei forkynner HERRENS pris.
7
Alt småfe frå Kedar samlast hos deg, vêrar frå Nebajot står til di teneste. Dei skal ofrast på mitt altar til glede for meg. Eg vil pryda mitt herlege tempel.
8
Kven er dei som flyg som ei sky, som duer til dueslaget?
9
Fjerne kystar vonar på meg. Tarsis-skipa er dei første til å føra borna dine frå det fjerne, og sølvet og gullet med dei, for namnet til HERREN din Gud, for Israels Heilage, som gjev deg herlegdom.
10
Framande skal byggja opp murane dine, kongane deira skal tena deg. I min harme har eg slege deg, men i min nåde miskunnar eg deg.
11
Portane dine skal alltid stå opne, korkje dag eller natt skal dei stengjast, så rikdomen til folkeslaga kan førast til deg og kongane deira førast fram.
12
For det folkeslag eller kongerike som ikkje vil tena deg, skal gå til grunne, og folkeslaga skal ryddast ut.
13
Libanons herlegdom skal koma til deg, sypressar saman med gran og buksbom, til pryd for den staden der min heilagdom står. Eg vil æra staden der eg set min fot.
14
Borna til dei som plaga deg, skal koma og bøya seg ned for deg. Alle som forakta deg, skal kasta seg ned for føtene dine. Dei skal kalla deg HERRENS by, Sion, som høyrer Israels Heilage til.
15
Før var du forlaten og forakta, og ingen besøkte deg, men no gjer eg deg stor for alltid, til glede frå slekt til slekt.
16
Du skal få suga mjølk frå folkeslaga, av kongars bryst skal du suga. Du skal kjenna at eg er HERREN, din frelsar, Jakobs Mektige som løyser deg ut.
17
Eg kjem med gull i staden for bronse, eg kjem med sølv i staden for jern, bronse i staden for tre og jern i staden for stein. Eg lèt fred ha tilsyn med deg og rettferd styra hos deg.
18
Ingen skal høyra meir om vald i ditt land, om herjing og øydelegging innanfor dine grenser. Du skal kalla murane dine Frelse og portane dine Lovsong.
19
Sola skal ikkje meir vera ditt lys om dagen, måneskinet skal ikkje lysa for deg, men HERREN skal vera ditt lys for evig, din Gud skal vera din herlegdom.
20
Sola di skal ikkje meir gå ned, månen din skal aldri minka. For HERREN skal vera ditt lys for evig. Sørgjedagane dine er til ende.
21
I ditt folk skal alle vera rettferdige, dei skal eiga landet til evig tid. Dei er eit skot i min hage, som hendene mine har laga til mi ære.
22
Den minste skal bli til tusen, den ringaste til eit mektig folkeslag. Eg er HERREN, når tida er inne, lèt eg det skje i hast.
← Chapter 59
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 61 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66