bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 21
Isaiah 21
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 22 →
1
Bodskap om ørkenen ved havet. Som stormen fer gjennom Negev, slik kjem det frå ørkenen, frå landet der redsle rår.
2
Eit hardt syn har eg fått sjå: Svikarar svik, hærmenn herjar. «Fram, du Elam! Til åtak, du Media! Kvart sukk gjer eg ende på.»
3
Difor rykkjer det i hoftene mine, rier tek meg som hos ei fødande kvinne. Eg er så forvirra at eg ikkje kan høyra, så redd at eg ikkje kan sjå.
4
Mitt hjarte går seg vill, eg skjelv av redsle. Kvelden, som var min lengt, er no min skrekk.
5
Dei dekkjer bord, dei breier ut teppe, dei et og drikk. «Opp, hovdingar, smør skjoldet!»
6
For så sa Herren til meg: «Set ut ein vaktpost! Det han ser, skal han melda!
7
Ser han eit tog med hestespann, eit tog med esel, eit tog med kamelar, då skal han lytta, lytta og lytta!»
8
Og vaktmannen ropa: «HERRE, dagen lang står eg på vakt, eg er på min post kvar einaste natt.
9
Sjå, der kjem eit tog av vogner med folk og hestespann.» Så tok han til ords og sa: «Fallen, fallen er Babel! Alle gudebileta i byen ligg knuste på jorda.»
10
Å, mitt folk, du som er treskt på treskjeplassen! Det eg har høyrt frå HERREN, allhærs Gud, Israels Gud, det har eg kunngjort for dykk.
11
Bodskap om Duma. Nokon ropar til meg frå Se'ir: «Vektar, kor langt på natt, vektar, kor langt på natt?»
12
Vektaren svarar: «Det kjem ein morgon, men òg ei natt. Vil de spørja, så spør! Kom att ein annan gong!»
13
Bodskap om øydemarka. De skal overnatta i krattet i øydemarka, karavanar frå Dedan!
14
Møt dei tørste og gjev dei vatn, de som bur i Tema! Gå med brød til flyktningane!
15
For dei har flykta for sverd, for dregne sverd og spente bogar og krigens tyngd.
16
For så har Herren sagt til meg: Om eitt år, slik leigefolk reknar året, skal det vera slutt på all herlegdomen i Kedar.
17
Det blir ikkje mange att av bogane til Kedar-heltane. For HERREN, Israels Gud, har tala.
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 22 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66