bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Isaiah 33
Isaiah 33
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 34 →
1
Ve deg som herjar, men ikkje sjølv er herja, ve deg som svik utan å vera sviken! Når du har herja frå deg, skal du herjast, når du har svike ferdig, skal dei svika deg.
2
Ver oss nådig, HERRE, til deg set vi vår von! Ver vår styrke morgon etter morgon, vår frelse når vi er i naud!
3
For den veldige larmen flyktar folka, når du reiser deg, blir folkeslag spreidde.
4
Dei sankar bytte hos dykk som gnagande grashopper, dei stormar fram i sverm.
5
Opphøgd er HERREN, han bur i det høge. Han fyller Sion med rett og rettferd.
6
Då skal trygge tider koma til deg, rikdom av frelse, visdom og kunnskap, frykt for HERREN, det er hans skatt.
7
Sjå, folket i Ariel klagar på gata, dei som tinga om fred, græt bittert.
8
Vegane ligg aude, ingen ferdast meir på stigane. Pakta blir broten, vitne forakta, eit menneske blir ikkje rekna for noko.
9
Landet sørgjer og tørkar ut, Libanon visnar av skam, Saron er som ei øydemark, Basan og Karmel mistar lauvet.
10
No vil eg reisa meg, seier HERREN, no vil eg stå opp, no vil eg stiga fram.
11
De avlar høy og føder halm, pusten dykkar er ein eld som fortærer dykk.
12
Folka blir brende til kalk, sette fyr på som nedhogge tornekratt.
13
Høyr kva eg vil gjera, de som er langt borte, kjenn min styrke, de som er nær!
14
Syndarane på Sion er slegne av redsle, angst grip dei ugudelege: «Kven av oss kan bu ved ein fortærande eld, kven av oss kan bu ved evige flammar?»
15
«Den som går rettferdig fram, talar det som er rett, foraktar forteneste av utpressing, vinkar stikkpengar bort, lèt att øyra for rykte om drap og lèt att auga for det som er vondt,
16
han får bu på høge stader og får vern av fjellborger, han får sitt brød og har alltid vatn.»
17
Auga dine skal få sjå kor vakker kongen er, dei skal få sjå eit vidstrekt land.
18
I redsle skal hjartet ditt tenkja: Kvar er han som talde? Kvar er han som vog? Kvar er han som talde tårna?
19
Du kan ikkje sjå det frekke folket, folket med eit vanskeleg språk som ingen skjønar, med stammande tunge som ingen forstår.
20
Sjå på Sion, vår høgtidsby! Auga dine skal sjå Jerusalem, ein trygg buplass, eit telt som ikkje skal flyttast, med pluggar som aldri skal rykkjast opp, og snorer som ikkje skal slitast av.
21
For der er HERREN, den mektige, med oss, ein stad med breie elvar og straumar. Men der skal ingen båt bli rodd og inga mektig skute segla.
22
For HERREN er vår dommar, HERREN er vår lovgjevar, HERREN er vår konge, han skal frelsa oss.
23
Taua dine er slakke, dei held ikkje stonga på plass og faldar ikkje ut banneret. Stort er det byttet som då blir fordelt, sjølv lamme ranar og røvar.
24
Ingen innbyggjar skal seia: «Eg er sjuk.» Folket som bur der, har fått syndene sine tilgjevne.
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 34 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66