bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 1
Proverbs 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 2 →
1
Ordtøke av Salomo, son til David, konge i Israel.
2
Ordtøka gjev visdom ¬og lærdom, så ein skjønar vitug tale
3
og tek imot tukt ¬som gjev framgang, og lærer rettferd, rett ¬og ærlegdom.
4
Dei gjev den urøynde klokskap og ungdomen kunnskap ¬og omtanke.
5
Den vise som høyrer dei, ¬aukar sin lærdom, den vituge lærer ¬å styra sin tanke,
6
så han skjønar ordtak ¬og bilettale, ord av vismenn og ¬gåtene deira.
7
Age for Herren ¬er opphav til kunnskap; dårar vanvørder ¬visdom og tukt.
8
Høyr etter når far din ¬formanar deg, son, og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!
9
For det er ein fager krans ¬om ditt hovud, ei kjede som pryder din hals.
10
Fylg ikkje syndarar, son min, når dei lokkar deg,
11
når dei seier: ¬«Kom og ver med oss! Vi vil liggja på lur og drepa, setja feller for skuldlause ¬utan grunn.
12
Vi vil gløypa dei levande, ¬liksom dødsriket, la dei gå heilt til grunne lik dei som går i grav.
13
Alle slag dyre eigneluter ¬skal vi finna, fylla våre hus med røva gods.
14
Du skal få kasta lodd med oss ¬om dette, alle skal vi ¬ha same pengepungen.»
15
Son min, slå ikkje lag ¬med dei, hald foten din borte ¬frå deira stig!
16
Dei spring så lett ¬etter det som er vondt, og er snøgge til å renna ut blod.
17
Det nyttar ikkje ¬å spenna ut nettet så alle fuglane ser det.
18
Men slike menneske ¬lurer på sitt eige liv, dei set feller for seg sjølve.
19
Så går det alle ¬som jagar etter vinning, det tek livet av dei.
20
Visdomsmøya ropar høgt ¬på gata, lèt røysta si lyda på alle torg.
21
Midt i ståket ropar ho ut, tek til ords ¬i dei opne byportane:
22
Kor lenge skal de godtrune elska godtruenskapen? Kor lenge skal spottarane ha glede av å spotta og dårane hata kunnskap?
23
Vend dykk hit ¬når eg refser, så lèt eg mi ånd strøyma ¬ut over dykk og gjev dykk kjennskap ¬til mine ord.
24
De ville ikkje høyra ¬når eg ropa, og ingen ansa ¬at eg rette ut handa;
25
de brydde dykk ikkje ¬om mine råd og ville ikkje vita av ¬mine refsingsord.
26
Difor skal eg le ¬når ulukka råkar dykk, og spotta ¬når de vert slegne av redsle,
27
når redsla fer fram ¬som eit uver, når ulukka kjem som ¬ein storm, og de vert ute ¬for trengsle og naud.
28
Då ropar dei på meg, ¬men eg svarar ikkje; dei leitar etter meg, ¬men finn meg ikkje.
29
Fordi dei hata kunnskap og ikkje valde å ottast ¬Herren,
30
fordi dei ikkje ¬ville høyra på mitt råd og vanvørde ¬alle mine refsingsord,
31
difor skal dei få smaka ¬frukta av si åtferd og mettast med det ¬dei sjølve har planlagt.
32
Fråfallet kostar ¬dei godtrune livet, tryggleiken ¬tyner dårane.
33
Men den som høyrer på meg, ¬skal bu trygt og leva i fred ¬utan redsle for noko vondt.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31