bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 31
Proverbs 31
Norwegian N 78 NN
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
1
Ord av Lemuel, konge i Massa, ord som mor hans hadde prenta inn i han.
2
Kva skal eg seia deg, ¬min kjære son, du son som eg fekk ¬– eit svar på bøn?
3
Gjev ikkje di kraft til kvinner, ditt liv til dei ¬som tyner kongar.
4
Det sømer seg ikkje ¬for kongar, Lemuel, det sømer seg ikkje ¬for kongar å drikka vin eller for fyrstar å nyta rusdrikk.
5
For då gløymer dei lov ¬og vedtekt og rengjer retten ¬for kvar arming.
6
Gjev heller rusdrikk til den som held på å gå til grunne, og vin til den som er sorgtyngd.
7
Lat han drikka, ¬så han gløymer si armod og ikkje minnest si møde meir.
8
Lat opp din munn ¬for den som er mållaus, tal saka for dei ¬som held på å gå til grunne.
9
Lat opp din munn ¬og døm rettferdig, hjelp armingar og fattigfolk ¬til deira rett!
10
Den gode kona, ¬kven finn vel henne? Meir er ho verd enn perler.
11
Mannen set all si lit til henne, og det skortar ikkje ¬på vinning.
12
Ho gjer berre godt imot han, og inkje vondt, ¬så lenge ho lever.
13
Ho syter for ull og lin, hennar hender arbeider ¬med liv og lyst.
14
Ho er som ein kjøpmanns skip, langt bortanfrå hentar ho mat.
15
Før det ljosnar av dag, ¬er ho oppe, gjev huslyden mat, ¬set jentene i arbeid.
16
Vil ho ha ein åker, ¬får ho tak i han; ho plantar ein vingard ¬for det ho har tent.
17
Styrke er beltet ho har ¬om livet, i armane legg ho kraft.
18
Ho merkar at arbeidet lukkast, hennar lampe ¬sloknar ikkje om natta.
19
Ho legg hendene på rokken, og fingrane grip om teinen.
20
Ho opnar handa ¬for dei som lid naud, retter armane ut til fattigfolk.
21
Kjem det snø, ¬er ho ikkje redd for huset, for heile hennar hus ¬er dobbelt kledt.
22
Teppe lagar ho sjølv, ho har klede av lin ¬og purpurfarga ull.
23
Hennar mann er kjend ¬der folket samlast, han sit i lag ¬med dei eldste i landet.
24
Ho lagar skjorter som ho sel, og sender belte ¬til kjøpmannen.
25
Kraft og vørdnad ¬er hennar klednad, og ho ler mot komande dagar.
26
Ho talar klokt ¬når ho opnar munnen, og venleg rettleiing ¬har ho på tunga.
27
Ho ser etter ¬korleis det går i huset, og et ikkje brød ¬ho har vunne i latskap.
28
Hennar søner stig fram ¬og prisar henne sæl, og mannen gjev henne ros:
29
«Det finst mange ¬dugande kvinner, men du går over dei alle.»
30
Ynde sviktar, og venleik forgår, ei kvinne som har age ¬for Herren, skal prisast.
31
Lat henne nyta frukta ¬av sitt arbeid; der menneske møtest, får ho ros for sine gjerningar.
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31