bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 3
Proverbs 3
Norwegian N 78 NN
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 4 →
1
Gløym ikkje det ¬eg har lært deg, son min, ta vare på mine bod i ditt hjarta!
2
For dei gjev deg ¬mange dagar og år og gjer di lukke større.
3
Lat aldri godleik ¬og truskap fara, men bind dei om din hals, og skriv dei på di hjartetavle!
4
Då får Gud og menneske ¬godvilje for deg og held deg for ein vitug mann.
5
Lit på Herren ¬av heile ditt hjarta, og set ikkje lit til ditt vit!
6
Tenk på han ¬kvar du ferdast, så gjer han dine stigar jamne.
7
Ver ikkje klok i eigne augo, ha age for Herren, og hald deg frå det ¬som er vondt!
8
Det vert til helsebot ¬for kroppen og gjev deg kraft ¬i merg og bein.
9
Æra Herren med det du eig, med fyrstegrøda ¬av all di avling.
10
Då vert di matbu rikeleg fylt, og druesafta renn over ¬i kummane dine.
11
Son min, ¬vanvørd ikkje Herrens tukt, miss ikkje motet når han refser!
12
For Herren tuktar ¬den han elskar, som ein far refser ¬den son han har kjær.
13
Sæl er den som finn visdom, det menneske ¬som vinn godt skjøn.
14
Det er betre ¬å få seg visdom enn sølv, den vinning han gjev, ¬er større enn gull.
15
Dyrare er han enn perler, av alle dine skattar ¬er ingen som den.
16
I si høgre hand ¬har han langt liv, i si venstre rikdom og ære.
17
På visdoms vegar ¬er det ein hugnad å fara, alle hans stigar fører til fred.
18
Han er eit livsens tre ¬for alle som grip han, sæle er dei ¬som held fast på han.
19
Herren grunnla jorda ¬med visdom og reiste himmelen med skjøn.
20
Med kunnskap lét han vatnet ¬i havdjupet fossa fram og dogga drypa frå skyene.
21
Ta vare på klokskap ¬og omtanke, og slepp dei ikkje or syne, son!
22
Då skal dei vera til liv for deg, ei fager kjede om halsen din.
23
Då kan du vandra trygt ¬på din veg og ikkje støyta foten mot noko.
24
Du er ikkje redd ¬når du går til ro, når du har lagt deg, ¬søv du så godt.
25
Du treng ikkje reddast ¬for støkk, for stormen som kjem ¬over dei vonde.
26
For du kan setja di lit ¬til Herren, han vaktar din fot ¬så du ikkje går i snara.
27
Gjer vel mot dei som treng det, nekta ikkje å hjelpa ¬når det står i di makt!
28
Sei ikkje til din neste: ¬«Gå din veg, og kom att i morgon, ¬så skal du få!» – så sant du har noko ¬å gje han no.
29
Legg ikkje vonde planar ¬mot din neste som bur hjå deg ¬og kjenner seg trygg.
30
Tretta ikkje med ein mann ¬utan grunn, når han ikkje har gjort deg ¬noko vondt.
31
Misunn ikkje den ¬som brukar vald, vel ikkje å fylgja i hans fotefar!
32
Den som fer vilt, ¬er ein styggedom for Herren, men med dei ærlege ¬har han samfunn.
33
Herren forbannar ¬huset åt dei gudlause, men heimen åt dei rettferdige ¬velsignar han.
34
Spottarar svarar han ¬med spott, men dei audmjuke ¬gjev han nåde.
35
Vise menn vinn ære, men dårar får stor skam.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31