bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 5
Proverbs 5
Norwegian N 78 NN
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 6 →
1
Son min, gjev akt på ¬min visdom, vend øyra til mitt skjøn!
2
Så kan du ta vare på gode råd og vakta på kunnskapen ¬når du talar.
3
Framand kvinne ¬har honning på lippa, sleipare enn olje ¬er hennar tunge.
4
Men til sist er ho beisk ¬som malurt og kvass ¬som eit tvieggja sverd.
5
Hennar fotsteg fører til døden, til dødsriket går hennar fet.
6
Ho aktar ikkje på livsens stig, ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje.
7
Så høyr på meg, mine born, vik ikkje av frå dei ord eg talar!
8
Hald deg unna ¬annan manns kone, kom ikkje nær hennar dør!
9
Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre, dine beste år ¬til ein nådelaus herre.
10
Framande får metta seg ¬av det du eig, det du vann med ditt strev, ¬går til annan manns hus.
11
Så må du stynja i di ¬siste stund, når kroppen og holdet ¬tærest bort,
12
og seia: ¬«Korleis kunne eg hata tukt og ikkje bry meg om refsing!
13
Eg høyrde ikkje ¬på dei som rettleidde meg, og lydde ikkje ¬på dei som lærte meg.
14
Det hadde nær gått ille ¬med meg då folket var samla til ting.»
15
Drikk or din eigen brunn, rennande vatn ¬or di eiga kjelde!
16
Lat ikkje kjeldene dine ¬renna ut på gata, bekkene dine strøyma ¬på torg og plassar!
17
Du skal ha dei heilt ¬for deg sjølv og ikkje dela dei med andre.
18
Då skal kjelda di vera velsigna. Gled deg over ¬din ungdoms kone,
19
den elskelege hind, ¬den yndefulle gasell! Fryd deg støtt ¬ved hennar barm, lat alltid hennar kjærleik ¬gjera deg ør!
20
Son min! Kvifor skal annan manns kone ¬få gjera deg ør, kvifor ta framand kvinne ¬i famn?
21
Herren ser kvar mannen går, gjev akt på alle hans stigar.
22
Den gudlause vert fanga ¬av sin eigen udåd, syndene held han fast ¬som snarer.
23
Han må døy ¬fordi han ikkje får tukt, i sin store dårskap ¬går han til grunne.
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31