bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 8
Proverbs 8
Norwegian N 78 NN
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 9 →
1
Høyr, korleis visdomsmøya ¬ropar, og vitet lyfter si røyst!
2
Ho står på bakketoppane ¬ved vegen, nett der stigane møtest.
3
Attmed portane ¬som fører inn i byen, attmed inngangen til portane ¬ropar ho høgt:
4
Eg ropar til dykk, godt folk, til menneska lyder mi røyst.
5
Lær dykk klokskap, ¬de urøynde, få vit, de dårar!
6
Høyr! Viktige ting ¬vil eg tala om, frå munnen min ¬kjem rettvise ord.
7
Mi tunge talar sanning, og lippene styggjest ¬ved det som er vondt.
8
Kvart ord frå min munn ¬er rett, det er ingenting vondt ¬eller vrangt i dei.
9
Dei er endeframme ¬for den vituge, lette å skjøna ¬for den som har kunnskap.
10
Ta imot mi åtvaring ¬heller enn sølv, den kunnskap eg gjev, ¬framfor utvalt gull.
11
For visdom er betre enn perler, av alle skattar er ingen ¬som den.
12
Eg, visdomen, ¬har klokskap til granne, eg har kunnskap ¬og gjev gode råd.
13
Age for Herren ¬er å hata det vonde. Eg hatar hovmod og storlæte, stygg åtferd og svikefull tale.
14
Eg gjev råd og hjelp ¬som fører til framgang, eg har vit og styrke.
15
Ved meg kan kongar råda og fyrstar fastsetja ¬kva som er rett.
16
Ved meg kan stormenn styra og alle hovdingar ¬døma rettferdig.
17
Eg elskar dei som elskar meg, og dei som leitar etter meg, ¬finn meg.
18
Hjå meg er rikdom og ære, gamalt arvegods ¬og rettkomen vinning.
19
Mi frukt er betre ¬enn det finaste gull, mi vinning betre ¬enn utvalt sølv.
20
Eg går på rettferds veg, held meg midt på ¬dei rette stigar.
21
Så gjev eg rikdom ¬til dei som elskar meg, og fyller deira forrådsrom.
22
Herren skapte meg fyrst av alt, eg var hans fyrste verk ¬i fordoms tid.
23
I opphavet vart eg forma, i fyrstninga, før jorda vart til.
24
Før havdjupet var der, ¬vart eg fødd, før kjeldene fyltest med vatn.
25
Før fjella vart sette på plass, før alle haugar vart eg fødd,
26
før Herren hadde skapt ¬jord og marker og den fyrste mold på jorda.
27
Eg var der ¬då han reiste himmelen og spente kvelven over djupet,
28
då han samla skyene der oppe og lét kjeldene i havdjupet ¬strøyma sterkt.
29
Då han sette grense for havet, så vatnet stansa der han baud, og han la grunnvoll ¬under jorda,
30
då var eg bygningsmann ¬hjå han. Eg var til glede for han ¬dag etter dag og leika meg støtt ¬for hans åsyn.
31
Eg leika på heile hans vide jord og hadde min hugnad ¬i menneskeborna.
32
Så høyr no på meg, mine born! Sæle er dei ¬som fylgjer mine vegar.
33
Høyr på mi formaning, og slå ikkje vrak på den! Så vert de vise.
34
Sæl er den som høyrer på meg, som dagleg vaker ¬ved mine dører og held vakt ved mine portar.
35
For den som finn meg, ¬finn livet og får nåde hjå Herren.
36
Men den som ikkje finn meg, ¬skader seg sjølv; alle som hatar meg, ¬elskar døden.
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 9 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31