bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 2
Proverbs 2
Norwegian N 78 NN
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 3 →
1
Son min, ta imot mine ord, og ta vare på mine bod,
2
så du vender øyra til visdomen og freistar å skjøna ¬med heile din hug.
3
Ja, berre kall på vitet, og rop etter skjøn ¬med høg røyst!
4
Leit etter det som var det sølv, grundig som når ein grev ¬etter skattar.
5
Då skal du skjøna ¬kva gudsfrykt er, og vinna kjennskap til Gud.
6
For det er Herren ¬som gjev visdom, frå hans munn ¬kjem kunnskap og skjøn.
7
Han lèt dei ærlege ¬ha framgang, er eit skjold for den ¬som er heil i si ferd.
8
Han vernar dei stigar ¬der retten rår, og vaktar vegen ¬for sine trugne.
9
Då skal du skjøna deg ¬på rettferd og rett, på rettvise og all god framferd.
10
For du skal få visdom i hjarta, og kunnskap ¬skal gjera deg glad.
11
Ettertanke skal vakta deg og godt skjøn verna deg.
12
Det skal berga deg ¬frå den vonde vegen, frå folk som fer ¬med rang tale,
13
frå dei som går bort ¬frå dei rette stigar og held seg til mørke vegar.
14
Dei gleder seg ¬når dei gjer vondt, og fegnast over ¬det vonde og vrange.
15
Dei ferdast på krokete stigar, går seg bort på sine vegar.
16
Visdom skal fria deg ¬frå annan manns kone, frå framand kvinne ¬som lokkar så fint,
17
ho som har svike ¬sin ungdoms ven og gløymt den lovnad ¬ho gav sin Gud.
18
Huset hennar ¬sig ned til dødsriket, vegen hennar ¬fører ned til dei døde.
19
Dei som går inn til henne, ¬kjem aldri att, dei når ikkje fram ¬til livsens stigar.
20
Men visdom ¬skal hjelpa deg til å fylgja den vegen ¬der dei gode går, og halda deg på stigar der dei rettferdige ferdast.
21
For dei rettvise ¬skal bu i landet, dei ærlege skal få vera der.
22
Men dei gudlause ¬skal rydjast ut og svikarane rivast bort ¬frå landet.
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 3 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31