bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 11
Proverbs 11
Norwegian N 78 NN
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 12 →
1
Falsk vekt er ein ¬styggedom for Herren, men han gleder seg ¬over fullvektige lodd.
2
Med hovmod fylgjer skam, men dei audmjuke har visdom.
3
Dei ærlege ¬har si rettvise til førar, men uærlegdom ¬gjer ende på svikarane.
4
Gods gagnar ikkje ¬på vreidedagen, men rettferd bergar frå døden.
5
Rettferd jamnar vegen ¬for ein heidersmann, den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap.
6
Dei ærlege vert berga ¬av si rettferd, svikarar vert fanga ¬av si eiga lyst.
7
Når den gudlause døyr, ¬er vona ute, dei vonde har ikkje noko godt ¬i vente.
8
Den rettferdige vert berga ¬or trengsle, men den gudlause kjem ¬i naud.
9
Den gudlause skader ¬sin neste med munnen, dei rettferdige bergar seg ¬med sitt skjøn.
10
Går det godt for dei rettvise, ¬jublar byen, går dei vonde til grunne, ¬er gleda stor.
11
Når dei ærlege velsignar, ¬kjem byen seg opp, talen åt dei gudlause ¬legg han i røys.
12
Tankelaus er den ¬som vanvørder sin neste, ein vitug mann teier stilt.
13
Den som baktalar, ¬spreier løyndomar, ein påliteleg mann ¬held saka for seg sjølv.
14
Eit folk utan klokt styre fell, når mange gjev gode råd, ¬kan det bergast.
15
Den som borgar ¬for ein framand, får svi for det, den som nektar å gje handslag, ¬er trygg.
16
Ei elskeleg kvinne vinn ære, dei strevsame ¬samlar seg rikdom.
17
Den som er velviljug, ¬har gagn av det, den som er hardhjarta, ¬skader seg sjølv.
18
Den gudlause vinn seg ¬ei sviktande løn, den som sår rettferd, ¬får ei løn som varer.
19
Strev etter rettferd gjev liv, jag etter vondskap ¬fører til døden.
20
Herren har uvilje mot dei ¬som fer med svik, men godhug for den ¬som er heil i si ferd.
21
Ver trygg, ¬den vonde slepp ikkje straff, men ætta åt dei rettferdige ¬går fri.
22
Som ein gullring ¬i eit grisetryne er ei fager kvinne utan vit.
23
Det dei rettferdige ynskjer, ¬fører til lukke, dei vonde har vreidedomen ¬i vente.
24
Éin strøyer ut ¬og får likevel meir, ein annan er gjerrig ¬og må endå lida naud.
25
Den som spreier velsigning, ¬trivst, den som livar opp andre, ¬vert oppliva sjølv.
26
Den som held på kornet, ¬får forbanning av folket, men velsigning kjem ¬over den som vil selja.
27
Den som strevar etter ¬det gode, søkjer det Herren synest om. Men den som legg vinn ¬på det vonde, han får det over seg sjølv.
28
Den som lit på sin rikdom, fell, dei rettferdige er ¬som lauvet når det sprett.
29
Den som ikkje steller sitt hus, ¬haustar vind, dåren må træla ¬for den som er vis.
30
Rettferds frukt ¬er som livsens tre, men valdsferd gjer ende på liv.
31
Når ein rettferdig mann ¬får si løn på jorda, kor mykje meir då ein niding ¬og syndar!
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31