bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 22
Proverbs 22
Norwegian N 78 NN
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 23 →
1
Godt namn er meir verdt ¬enn stor rikdom; å vera avhalden ¬er betre enn sølv og gull.
2
Rike og fattige møtest, Herren har skapt dei alle.
3
Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg, dei godtrune går på og ¬må bøta.
4
Den løn som gudsfrykt ¬og audmykt gjev, er rikdom og ære og liv.
5
På vegen der dei svikefulle går, ¬er klunger og snarer, den som vil berga livet, ¬held seg borte frå dei.
6
Lær guten den vegen ¬han skal gå, så vik han ikkje av ¬når han vert gamal.
7
Rikmenn rår over fattige, den som låner, må træla ¬for den som gjev lån.
8
Den som sår urett, ¬haustar vondskap, riset han brukar i sinne, ¬tek slutt.
9
Velsigning får den ¬som er god mot andre, for han deler sitt brød ¬med dei fattige.
10
Jag spottaren ut, ¬så går tretta med, og den skamlause striden ¬får ein ende.
11
Herren elskar ¬dei som har eit reint hjarta, den som talar med velvilje, ¬får kongen til ven.
12
Herrens augo vaktar ¬den som har kunnskap, men svikarens ord ¬gjer han maktlause.
13
Den late seier: ¬«Det er ei løve der ute, ho kunne drepa meg ¬midt på gata!»
14
Munnen til framand kvinne ¬er ei djup grav, den Herren er harm på, ¬fell nedi.
15
Vitløyse høyrer ungguten til, men tukteriset ¬driv henne bort.
16
Den som er hard ¬med armingen, ¬aukar hans eige, gåver til den rike ¬gjev berre tap.
17
Vend øyra til ¬og høyr vismenns ord, rett din hug ¬mot den kunnskap eg gjev.
18
Det er godt ¬om du gøymer dei i hjarta og alltid har dei på lippene.
19
For at du skal setja ¬di lit til Herren, forkynner eg dei for deg i dag.
20
Ja, tretti ord ¬har eg skrive opp for deg med gode og kloke råd.
21
Eg vil læra deg ¬sanne og rette ord, så dei som har sendt deg, ¬får pålitelege svar.
22
Ran ikkje ein fattigmann ¬fordi han er fattig, og trø ikkje ned ¬ein stakkar i retten!
23
For Herren vil føra deira sak og ta livet av deira ransmenn.
24
Ver ikkje ven ¬med ein sinnatagg, og slå ikkje lag ¬med bråsint mann,
25
så du ikkje skal venja deg ¬til hans vegar og setja ei felle for ditt liv.
26
Ver ikkje mellom dei ¬som gjev handslag og borgar for folk ¬som har gjeld.
27
Når du ikkje har noko ¬å betala med, kvifor skal dei då ¬ta senga du ligg på?
28
Flytt ikkje gamle merkesteinar som fedrane dine har reist.
29
Ser du ein mann ¬som er dugande i sitt arbeid? Han kan ta teneste hjå kongar og skal ikkje tena ¬hjå småkårsfolk.
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 23 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31