bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 20
Proverbs 20
Norwegian N 78 NN
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 21 →
1
Vinen er ein spottar, den sterke drikk ¬ein bråkmakar, ingen som ragar av dei, er vis.
2
Når kongen trugar, ¬er det som løvebrøl, den som vekkjer hans vreide, ¬set livet på spel.
3
Å halda seg frå trette ¬er ei ære for mannen, men kvar dåre yppar strid.
4
Den late vil ikkje pløya ¬om hausten, i skurdonna leitar han ¬fåfengt etter grøde.
5
Som djupt vatn ¬er tankane i mannens hjarta, den som har vit, ¬kan ausa av dei.
6
Mange ropar ¬om sin eigen truskap, men kvar finst vel ¬ein påliteleg mann?
7
Rettferdig er den ¬som er heil i si ferd, og lukkelege er borna ¬etter han.
8
Ein konge som sit ¬i domarsetet, skil ut alt vondt ¬med eit augnekast.
9
Kven kan seia: «Eg har reinsa hjarta, eg er fri for synd»?
10
To slag vekt og to slag mål er begge ein styggedom ¬for Herren.
11
Alt guten syner i si ferd om livet hans vert reint og rett.
12
Øyra som høyrer, ¬og auga som ser, er begge skapte av Herren.
13
Er du glad i å sova, ¬då vert du fattig, opnar du augo, ¬får du deg mat.
14
«Ringt, ringt,» seier kjøparen, men skryter av handelen ¬når han går bort.
15
Det finst gull og perler ¬i mengd, men å tala med kunnskap ¬er ein kosteleg ting.
16
Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan, ta pant hjå han for framande!
17
Godt smakar brød ¬som er vunne med svik, men sidan fyllest munnen ¬med småstein.
18
Når ein held råd, ¬lukkast planane; vis omtanke når du fører krig!
19
Den som baktalar, ¬spreier løyndomar, gjev deg aldri i snakk ¬med ein lausmunna kar!
20
Den som forbannar ¬far sin og mor si, hans lampe skal slokna ¬i tjukkaste mørkret.
21
Ein arv som ein altfor tidleg riv ¬til seg, gjev inga velsigning til slutt.
22
Sei ikkje: «Eg vil løna ¬vondt med vondt.» Venta på Herren, ¬så hjelper han deg!
23
To slag lodd ¬er ein styggedom for Herren, falsk vekt er av det vonde.
24
Det er Herren ¬som styrer mannens steg. Korleis kan mennesket ¬skjøna sin veg?
25
Det er farleg ¬å lova ei heilag gåve og fyrst sidan tenkja seg om.
26
Den vise kongen ¬skil ut dei gudlause og lèt hjulet rulla over dei.
27
Ånda i mennesket ¬er ei Herrens lampe, ho ransakar alle kammer ¬i hjarta.
28
Godleik og sanning ¬er eit vern om kongen, han stør sin kongsstol ¬på truskap.
29
Styrke er ein prydnad ¬for ungdom, og grått hår ei ære ¬for den gamle.
30
Flengjer og slag ¬som sårar den vonde, reinsar hans hjartekammer.
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 21 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31