bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 15
Proverbs 15
Norwegian N 78 NN
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 16 →
1
Eit mildt svar ¬døyver sinne, sårande ord vekkjer vreide.
2
Vismenns tunge ¬gjev god kunnskap, men dårskap strøymer ¬frå dårars munn.
3
Herrens augo er alle stader, dei vaker over vonde ¬og gode.
4
Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre, men lygn på tunga ¬gjev hjartesår.
5
Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin, klok er den ¬som aktar på refsing.
6
I rettferdig manns hus ¬er det stor rikdom; det den gudlause vinn, ¬går tapt.
7
Vismenns lipper ¬strøyer ut kunnskap, men dårens hjarta er ikkje rett.
8
Offer frå dei gudlause ¬er ein styggedom for Herren, men bøn frå dei ærlege ¬tek han vel imot.
9
Det den gudlause gjer, ¬er ein styggedom for Herren, men han elskar dei ¬som jagar etter rettferd.
10
Hard tukt får den ¬som vik av frå stigen, den som hatar refsing, må døy.
11
Dødsrike og avgrunn ¬ligg opne for Herren, kor mykje meir ¬då menneskehjarta.
12
Spottaren mislikar refsing, til dei vise går han ikkje.
13
Glede i hjarta gjer andletet ljost, men hjartesorg gjer motlaus.
14
Vitug mann søkjer kunnskap, men dårar fer berre ¬med dårskap.
15
For ein arming ¬er dagane vonde, men gladlyndt mann ¬har alltid gjestebod.
16
Betre er lite med otte ¬for Herren enn stor rikdom med uro attåt.
17
Betre er ein grønsakrett ¬med kjærleik enn oksesteik med hat attåt.
18
Bråsint mann ¬valdar strid og trette, den langmodige ¬får striden til å stilna.
19
For den late er vegen ¬som eit klungergjerde, men jamn er stigen ¬for dei ærlege.
20
Ein klok son ¬er til glede for far sin, ein dum mann ¬vanvørder mor si.
21
Den tankelause ¬har glede av dårskap, den vituge går beint fram.
22
Utan rådlegging ¬mislukkast planane, men når mange gjev råd, ¬har dei framgang.
23
Mannen gled seg ¬når munnen kan svara. Kor godt med eit ord i rette tid!
24
For den kloke ¬fører livsvegen oppover, og då slepp han unna ¬dødsriket der nede.
25
Herren riv huset ned ¬for dei hovmodige, enkjer lèt han få ha si jord.
26
Vonde tankar ¬er ein styggedom for Herren, men milde ord er reine.
27
Den som jagar etter vinning, ¬set huset over styr, men den som hatar muter, ¬får leva.
28
Den rettferdige tenkjer seg om ¬før han talar, men vondskapen strøymer ¬frå munnen på gudlause.
29
Herren er langt borte ¬frå dei vonde, men han høyrer bøna ¬åt dei rettferdige.
30
Lysande augo gjer hugen glad, god bodskap gjev merg i bein.
31
Når ein høyrer på refsing ¬som tener livet, held ein gjerne lag med dei vise.
32
Den som avviser tukt, ¬vanvørder seg sjølv, den som høyrer på refsing, ¬får godt skjøn.
33
Age for Herren ¬manar til visdom, føre ære går audmykt.
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 16 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31