bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 17
Proverbs 17
Norwegian N 78 NN
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 18 →
1
Ein turr brødbit ¬i ro og fred er betre enn festmåltid ¬med trette i huset.
2
Det kan henda at ein klok træl får råda over ein uvisleg son og får dela arven med brørne.
3
Sølvet smeltar dei i digelen og gullet i smelteomnen, men hjarto er det Herren ¬som prøver.
4
Ugjerningsmannen ¬aktar på vonde tunger, lygnaren høyrer ¬på skadeleg snakk.
5
Den som spottar den fattige, ¬hånar hans skapar, den som gleder seg over ¬ulukke, slepp ikkje straff.
6
Barneborn er ei krone ¬for dei gamle, og borna er stolte ¬av fedrane sine.
7
Det sømer seg ikkje for dåren ¬å bruka store ord, enn mindre for ein stormann ¬å lyga.
8
Ein lukkestein ¬er ei gåve for eigaren, kvar han vender seg, ¬går det han godt.
9
Den som dekkjer over skuld, ¬legg vinn på venskap, den som fer med slarv, ¬skil ven frå ven.
10
Skjenn har betre verknad ¬på den vituge enn hundre slag på dåren.
11
Den vonde vil ikkje ¬anna enn opprør, men eit nådelaust sendebod ¬kjem til han.
12
Det er betre å møta ei binne ¬som har mist sine ungar, enn å møta ein dåre, ¬dum som han er.
13
Når nokon løner godt ¬med vondt, skal ulukka aldri ¬vika frå huset hans.
14
Å yppa strid ¬er som å opna for vatn. Hald opp før tretta bryt laus!
15
Både å frikjenna ein skuldig ¬og å døma ein rettferdig er ein styggedom for Herren.
16
Kva hjelper pengar ¬i handa på dåren? Kan han kjøpa seg visdom ¬når han ikkje har vit?
17
Ein ven viser alltid kjærleik, og ein frende er fødd ¬til å hjelpa i naud.
18
Tankelaus er den ¬som gjev handslag og borgar for nesten sin.
19
Den som likar trette, ¬likar synd; og den som lagar ¬ei stor dør, søkjer sin eigen undergang.
20
Det falske hjarta ¬finn inga lukke, er tunga svikefull, ¬kjem ein i naud.
21
Sorg får den ¬som har ein dåre til son, far til ein narr har inga glede.
22
Glede i hjarta gjev god helse, mismod tærer på merg ¬og bein.
23
Den vonde tek gåver ¬ut or si lomme, med dei vil han rengja retten.
24
Den kloke har visdom for auga, men dårens augo ¬når til heimsens ende.
25
Ein uvitug son argar far sin, er til beisk sorg ¬for henne som fødde han.
26
Det er ille for rettvis mann ¬å måtta betala bot, men at stormenn vert slegne, ¬er i strid med all rett.
27
Klok er den som sparer ¬på orda, den kaldblodige ¬er ein vitug mann.
28
Når dåren teier, ¬går han òg for vis, når han held munn, ¬gjeld han for klok.
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 18 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31