bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 28
Proverbs 28
Norwegian N 78 NN
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 29 →
1
Dei gudlause rømer ¬om ingen er etter dei, den rettferdige ¬er trygg som ei ungløve.
2
Eit land som gjer opprør, ¬skifter ofte leiarar, men ein klok mann ¬kan styra lenge.
3
Ein fattig mann som er hard ¬med småkårsfolk, liknar regnet ¬som skyljer bort åkeren, så det ikkje vert korn til brød.
4
Den som går ifrå lova, ¬rosar dei gudlause, den som held lova, ¬går til strid imot dei.
5
Dei vonde skjønar ikkje ¬kva som er rett, men dei som søkjer Herren, ¬skjønar alt.
6
Betre å vera fattig ¬og heil i si ferd enn å vera rik ¬og gå krokvegar.
7
Den som held seg etter læra, ¬er ein klok son; den som held lag ¬med drikkebrør, fører skam over far sin.
8
Den som aukar sin rikdom ¬med renter og åger, samlar til ein som har medynk ¬med armingar.
9
Når nokon vender øyra bort og ikkje vil høyra på rettleiing, då er jamvel bøna hans ¬ein styggedom.
10
Den som fører dei ærlege ¬på vonde vegar, han fell i si eiga grav, men det gode går i arv ¬til heidersmenn.
11
Ein rikmann er vis ¬i eigne augo, ein fattig som har skjøn, ¬ser kva som bur i han.
12
Når dei rettferdige jublar, er det herlegdom og glede; når dei gudlause ¬har framgang, held folk seg borte.
13
Den som løyner sine synder, går det ikkje vel; den som sannar si synd ¬og vender seg frå henne, han finn miskunn.
14
Sæl er den ¬som alltid ottast Gud, men den som gjer seg hard, ¬fell i ulukke.
15
Som knurrande løve ¬og grådig slagbjørn er ein gudlaus hovding ¬for eit fattig folk.
16
Ein fyrste som ikkje har skjøn, ¬grip gjerne til vald; den som hatar urett vinning, ¬får leva lenge.
17
Ein mann som har gjort seg ¬skuldig i drap, han er på flukt mot grava, og ingen må halda han att.
18
Den som er heil i si ferd, ¬vert berga, men den som går krokvegar, ¬fell i grava.
19
Den som dyrkar si jord, ¬får eta seg mett; den som jagar etter fåfengd, ¬får nøgda av armod.
20
Ein trufast mann ¬får rik velsigning, men ingen slepp straff ¬når han spring etter rikdom.
21
Det er ille å gjera skil på folk, ein kan gjera seg til brotsmann ¬for ein brødbit.
22
Den havesjuke har det ¬annsamt ¬med å vinna rikdom, og han skjønar ikkje ¬at han kjem til å lida naud.
23
Den som refser ein mann, ¬får sidan større takk enn den som fer med smiger.
24
Den som røvar ¬frå far sin og mor si og seier: «Det er ikkje synd,» han er jamgod ¬med drapsmenn.
25
Den havesjuke ¬valdar strid og trette, den som lit på Herren, trivst.
26
Den som lit på sitt eige vit, ¬er ein dåre, men den som ferdast ¬med visdom, vert berga.
27
Den som gjev til dei fattige, ¬lid aldri naud, men den som ikkje ¬vil sjå nauda, får mykje forbanning over seg.
28
Når dei gudlause har ¬framgang, ¬held folk seg borte, når dei går til grunne, ¬får dei rettferdige makt.
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 29 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31