bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 29
Proverbs 29
Norwegian N 78 NN
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 30 →
1
Ein mann ¬som får refsing ¬og endå er stridlyndt, han vert brått knust ¬og kan ikkje lækjast.
2
Når rettferdige får makta, ¬fegnast folket, når ein niding styrer, ¬sukkar folket.
3
Den som elskar visdom, ¬gleder far sin, den som held lag med skjøkjer, ¬øyder si eige.
4
Ein konge tryggjer sitt land ¬med rett, den som syg det ut, ¬legg det i øyde.
5
Ein mann som smeikjer ¬for nesten sin, set eit garn for føtene hans.
6
Ein vond manns synder ¬er ei felle for han, men den rettferdige ¬kan fegnast og gleda seg.
7
Den rettferdige veit ¬å hjelpa småkårsfolk i retten, men den gudlause ¬har ikkje vit på noko.
8
Spottarar øser opp heile byen, men vismenn får vreiden ¬til å stilna.
9
Når ein vis mann ¬har sak med ein dåre, vert det bråk og lått og inga ro.
10
Dei blodtyrste hatar ¬ein heidersmann, men dei ærlege tek seg av han.
11
Ein dåre gjev luft ¬for alt sitt sinne, men ein vismann held det att.
12
Ein hovding ¬som høyrer på lygn, får berre skarvar til tenarar.
13
Fattigmann og valdsmann ¬møtest, Herren gjev begge augneljos.
14
Når ein konge dømer ¬dei fattige rettferdig, står hans kongsstol støtt ¬for alltid.
15
Ris og refsing gjev visdom, men ein gut ¬som får gjera som han vil, fører skam over mor si.
16
Får nidingar makta, ¬aukar synda, men når dei fell, ¬vert dei rettvise glade.
17
Tukta son din, ¬så gjev han deg ro og gjer deg glad i hugen.
18
Utan openberring ¬fer folket vilt, lukkeleg er den som held lova.
19
Ein træl lèt seg ikkje ¬tukta med ord, han skjønar dei nok, ¬men lyder dei ikkje.
20
Ser du ein mann ¬som er snar når han talar – det er større von ¬for dåren enn for han.
21
Når ein skjemmer bort trælen ¬frå ungdomen av, vert han strid og ulydig til sist.
22
Snarsint mann ¬valdar strid og trette, den brålyndte ¬gjer mykje vondt.
23
Hovmod fører menneske ¬til fall, men den audmjuke vinn ære.
24
Den som deler med tjuvar, ¬hatar sitt liv, han høyrer forbanninga, ¬men seier ikkje frå.
25
Den som reddast menneske, ¬set feller for seg sjølv, men den som lit på Herren, ¬er trygg.
26
Mange vil vinna velvilje ¬hjå ein hovding, men frå Herren ¬får mannen sin rett.
27
Dei rettvise styggjest ¬ved den som gjer urett, ein styggedom ¬for dei gudlause er den som lever rett.
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 30 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31