bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 6
Proverbs 6
Norwegian N 78 NN
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 7 →
1
Son min, har du borga ¬for nesten din og gjeve handslag ¬til ein framand,
2
har du bunde deg med ord, er du fanga av det du har sagt,
3
så gjer då dette ¬og berga deg, son, sidan nesten din ¬har fått makt over deg: Gå straks av stad ¬og treng inn på mannen,
4
unn deg ikkje blund på augo, og lat ikkje augneloka kvila!
5
Fri deg som ein gasell ¬frå fangstmannen, som ein fugl frå jegerens hand!
6
Gå til mauren, du late, sjå på hans strev og vert vis!
7
Han har ingen hovding, korkje tilsynsmann eller herre,
8
men syter for mat ¬om sommaren og samlar inn føde ¬om hausten.
9
Kor lenge vil du liggja, du late, når vil du vakna og stå opp?
10
«Lat meg sova litt til, ¬ein ørliten blund, leggja hendene saman ¬og kvila ei stund!»
11
Då kjem fattigdom på deg ¬som farande fant og nauda som velvæpna mann.
12
Ein niding og ugjerningsmann ¬er den som går ikring ¬med lygn på tunga,
13
som blunkar med augo, ¬skrapar med foten og gjer teikn med fingrane.
14
Han har planar ¬om å øydeleggja og har alltid vondt i tankar; slik skaper han trette og strid.
15
Difor kjem ulukka ¬over han brått, med eitt vert han knust ¬og kan ikkje lækjast.
16
Seks er dei ting ¬som Herren hatar, og sju er ein styggedom ¬for han:
17
hovmodige augo ¬og svikefull tunge, hender som renner ut ¬skuldlaust blod,
18
eit hjarta som legg ¬vonde planar, føter som spring ¬etter det som er vondt,
19
falske vitne som fer med lygn og skaper strid mellom brør.
20
Son min, hald dei bod ¬som far din gav deg, og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!
21
Knyt dei alltid til hjarta ditt, og bind dei fast om halsen din!
22
Når du går, skal dei leia deg, når du ligg, skal dei verna deg, og når du vaknar, ¬skal dei tala til deg.
23
For bodet er ei lykt ¬og læra eit ljos, refsing og tukt ¬er ein veg til livet.
24
Dei skal verna deg ¬mot vond kvinne, mot den sleipe tunga ¬åt framand kvinne.
25
Trå ikkje etter hennar venleik, lat deg ikkje fanga ¬av hennar strålande augo!
26
Ei hore kan du få ¬for ein brødleiv; men ei gift kvinne driv jakt på dyre menneskeliv.
27
Kan nokon sanka glør i fanget utan at kleda tek til å brenna?
28
Eller kan nokon gå på glør utan å svida føtene?
29
Så går det den som ligg med kona ¬åt nesten sin. Ingen som rører henne, kjem ustraffa frå det.
30
Vert ikkje tjuven vanvørd når han stel for å stilla svolten?
31
Vert han gripen, ¬må han bøta sjudobbelt, han må gje frå seg ¬alt det han har i huset.
32
Tankelaus er den ¬som driv hor med ei kvinne, den som gjer slikt, ¬øydelegg seg sjølv.
33
Skam og skade får han, og ingen stryk ut hans vanære.
34
For svartsykja brenn ¬i ektemannen, han er ikkje mild ¬den dagen han tek hemn.
35
Han bryr seg ikkje ¬om løysepengar, og tek ikkje imot ¬om du byd han store gåver.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31