bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 14
Proverbs 14
Norwegian N 78 NN
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 15 →
1
Kvinnevisdom ¬byggjer huset, men dårskap ¬riv det ned med hendene.
2
Den som ferdast rett, ¬har age for Herren, den som går krokvegar, ¬vanvørder han.
3
Dårens munn ¬vert eit ris for hans hovmod, men for vismenn ¬er lippene eit vern.
4
Utan oksar er krubba tom, med sterke stutar ¬fylgjer stor avling.
5
Eit ærleg vitne lyg ikkje, men falske vitne fer med lygn.
6
Ein spottar søkjer visdom, ¬men finn han ikkje; for den som er klok, ¬er det lett å få kunnskap.
7
Hald deg borte ¬frå dumme menn, du finn ikkje vit ¬på lippene deira.
8
Det er klok manns visdom ¬at han kjenner sin veg, og dårars dårskap ¬at dei narrar seg sjølve.
9
Dårane spottar skuldofferet, men velvilje rår ¬mellom ærlege folk.
10
Hjarta kjenner si eiga sorg, og ingen annan ¬er med det i gleda.
11
Gudlause folk ¬får sitt hus lagt i øyde, men ærlege folk ¬ser teltet sitt bløma.
12
Om mannen meiner ¬at vegen er rett, kan han likevel enda i døden.
13
Jamvel når ein ler, ¬kan hjarta lida, og gleda endar ofte med sorg.
14
Den fråfalne får att for si ferd, og ein god mann ¬held seg borte frå han.
15
Ein godtruen mann ¬trur alt som vert sagt, den kloke gjev akt på sine steg.
16
Den vise ottast ¬og skyr det vonde, dåren går på ¬og kjenner seg trygg.
17
Den som er bråsint, ¬gjer dumme ting, den som tenkjer seg om, ¬vert mislikt.
18
Det dei godtrune får, ¬er dårskap, men dei kloke vert krona ¬med kunnskap.
19
Dei vonde må bøya seg ¬for dei gode, dei gudlause står ved dørene ¬åt dei rettferdige.
20
Jamvel av vener ¬vert den fattige hata, men mange er dei ¬som elskar den rike.
21
Synd gjer den ¬som vanvørder sin neste, sæl er den som har medynk ¬med armingar.
22
Dei som tenkjer ut vondt, ¬fer vilt, dei som har godt i tankar, ¬møter miskunn og truskap.
23
Alt strev fører vinning ¬med seg, men tomt snakk gjev berre tap.
24
Dei vise vert krona ¬med rikdom, dårars dårskap ¬er alltid dårskap.
25
Eit ærleg vitne bergar liv, men ein svikar er den ¬som fer med lygn.
26
Den som ottast Herren, ¬har eit trygt vern, og for hans born er det livd.
27
Age for Herren ¬er ei kjelde til liv, ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.
28
Mykje folk ¬er ei ære for kongen, men for lite folk ¬gjer at fyrsten fell.
29
Visleg mann har godt skjøn, bråsinne er den største ¬dårskap.
30
Ro i hugen gjev kroppen liv, lidenskap er som rotenskap ¬i bein.
31
Den som er hard ¬med ein arming, spottar hans skapar, den som er mild mot dei ¬fattige, ærar Gud.
32
Den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap, i sin ærlegdom ¬finn den rettferdige livd.
33
I klok manns hjarta ¬finn visdomen ro, men hjå dårar ¬gjev han seg til kjenne.
34
Rettferd lyfter eit folk, men synd er ei skam for folka.
35
Kongen likar den kloke tenar, men harmast på den ¬som skjemmer seg ut.
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 15 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31