bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Proverbs 23
Proverbs 23
Norwegian N 78 NN
← Chapter 22
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 24 →
1
Når du sit til bords ¬med ein mektig mann, så merk deg vel ¬kva du har framføre deg,
2
og set ein kniv på strupen din om mathugen er for stor.
3
Ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter, for det kan vera svikefull kost.
4
Streva ikkje etter å verta rik når du då må gje opp ¬ditt gode skjøn.
5
Når du ser etter rikdomen, ¬er han borte; brått har han fått seg venger og flyg til vers som ei ørn.
6
Et ikkje brød ¬hjå den som misunner, ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter!
7
For han er ein mann ¬med baktankar. Han seier nok til deg: ¬«Et og drikk,» men hjarta hans ¬er ikkje med deg.
8
Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att, dine venlege ord er spilt møde.
9
Du skal ikkje tala til ein dåre, for han vanvørder ¬dine kloke ord.
10
Flytt ikkje gamle merkesteinar, og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause!
11
For deira løysingsmann ¬er sterk, han skal føra saka ¬dei har med deg.
12
Ver viljug ¬til å høyra på formaning, og lyd på kloke ord!
13
Lat ikkje guten vera utan tukt! Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy.
14
For når du slår han med riset, bergar du han frå dødsriket.
15
Son min, har du visdom ¬i hjarta, vert eg òg inderleg glad.
16
Det jublar inni meg når du talar det som er rett.
17
Ver ikkje arg på syndarar, men streva alltid ¬etter gudsfrykt!
18
Gjer du det, ¬har du ei framtid, og di von er ikkje ute.
19
Høyr no, son min, og vert vis, styr dine tankar ¬den rette vegen!
20
Ver ikkje med ¬mellom vindrikkarar, mellom dei ¬som fyller buken med kjøt.
21
For den som et og drikk, ¬vert fattig, og rusen kler folk i filler.
22
Høyr på far din, ¬som gav deg livet, og vanvørd ikkje ¬di gamle mor!
23
Kjøp sanning ¬og sel henne ikkje, kjøp visdom og tukt og vit!
24
Far til den rettferdige ¬kan sanneleg jubla, den som får ein klok son, ¬vert glad.
25
Ver til glede ¬for far din og mor di, lat ho som fødde deg, ¬fegnast.
26
Son min, gjev meg hjarta ditt, bruk augo og akta ¬på mine vegar!
27
Ei skjøkje er som ei djup grav, ei framand kvinne ¬som ein trong brunn.
28
Ja, ho ligg på lur som ein røvar, og aukar talet ¬på trulause menn.
29
Kven ropar akk, ¬og kven ropar ve, kven har strid, ¬og kven må klaga? Kven har utan grunn fått sår, og kven har sløve augo?
30
Jau, dei som sit lenge oppe ¬og drikk, dei som kjem ¬og vil smaka på kryddevinen.
31
Sjå ikkje på vinen, ¬kor raud han er, kor fint han blenkjer i staupet, og kor lett han renn ned.
32
Sistpå bit han som ein slange og høgg som ein hoggorm.
33
Då ser augo dine ¬underlege ting, og du talar tull og tøv.
34
Det er som låg du ¬midt utpå havet, eller klengde deg ¬til mastetoppen.
35
«Dei slo meg, ¬men det gjorde ikkje vondt; dei banka meg, ¬men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna or rusen? Då vil eg få tak i meir vin.»
← Chapter 22
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 24 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31